Announcement

Collapse
No announcement yet.

Skal koble lys på bilen, men treng hjelp.

Collapse
X
 
  • Filter
  • Time
  • Show
Clear All
new posts

  • Skal koble lys på bilen, men treng hjelp.

    Har to problem som eg har støtt på når det gjeld lys på bilen.
    Og her inne er det sikkert mange som har peiling på elektrisitet/elektronikk, så håpar å få gode svar.


    Problem 1:

    Har montert ekstra fjernlys og ettermontert grøftelys på bilen min. Begge er kobla på vanleg måte med relé.
    Så kom eg på at eg vil ha det slik at grøftelysa skal slå seg på likt med fjernlysa.
    Då tenkjer eg å bruke ein straumtjuv i frå styrestraumen på fjernlys-reléet til grøftelys-reléet.
    På denne straumtjuven må eg ha ei diode, slik at straumen berre går ein veg. Blir litt dumt og skal bruke grøftelys og så får ein fjernlys i tillegg. :P

    Kva slags diode treng eg til dette? (zenerdiode, diacdiode..?)
    Nokon som kan linke til ei som er passande?



    Problem 2:

    Eg vil ha "follow me home lights" på bilen.
    Fins det eit relé som mottek eit signal og deretter er "aktivt" i ei innstilt tid?

    Altså kunne eg tenkje meg å hente styrestraum i frå t.d. fjernstyringa av sentrallåsen inn til eit "tidsbasert relé" som gjer at lysene står på i t.d. 30 sekund.




    Håpar nokon kan svare meg på dette.
    På førehand takk!

  • #2
    Problem 2: et slikt et? http://cgi.ebay.de/COMING-HOME-LEAVI...item3ca56c2625
    Audison LRX 4.5 | B2 Audio AC12 | Div. Monster Cables, Macrom, Audio Quest, Stinger |

    Citroën Xantia prosjekt:http://bilstereoforumet.no/showthread.php?t=11964

    Comment


    • #3
      Takk for linken. Får prøve og få bestilt ein slik!


      Nokon som har ein idé på problem 1?

      Comment


      • #4
        bruk en vanlig diode som tåler minst 500mA 1n4001 feks. Den skal "bare" sperre speningen en vei -derfor ikke nødvendig med fancy tyristores eller diacer den skal forresten bare sperre for styre strømmen til relleene ikke sant?

        link med spec
        Last edited by matador; 22-12-2010, 12:34.
        --kjøper/reparerer alt (nesten) av defekt elektronikk-- *send PM*
        -Project SQ-, om DYNAMO og Enkelt SQ med 6x9" kicpanel frontsett

        Comment

        Working...
        X